lørdag, oktober 06, 2012

fleecekjoler

i august fikk eg bestilling på eit par fleecekjoler. ein til dame og ein til ei jente.
dei skulle vere i grå fleece med rosa/ lilla pynt på.
 eg fikk ikkje tak i grå fleece her på øya. eg for over fjorden og leita på Moa ganske lenge, men til slutt fann eg endelig det eg leitte etter. rosa og gammelrosa hadde eg fått tak i tidligare.
 det skulle vere hjerter  på brystet, men eg var usikker på kva str og kva farge dei/ det skulle vere.

 og so skulle det vere gammelrosa/ lilla kantar nede på kjolen, rundt armane og rundt hetten.
stort  rosa hjerte på hetten
 litt bilder tatt underveis......

rosa belte rundt livet. dette og hjerta pynta opp heile kjolen.

her har eigarane av dei nye kjolane fått dei på seg. 
til feiring av denne søte jenta sin bursdagfeiring.
 her er eit par knestrømper eg egentlig laga til døttra mi. eg brukte ei oppskrift eg fann på nettet for den tjukkelsen garn. men for hennar sine tynne leggar vart dei litt for store. men dei sete som eit skudd på mine leggar, so då vart det endelig strikka litt til meg sjølv då, egentlig. 

 her ser dere mønsteret frå framsida. på sidene og bak er det kun eit vanlig mønster med rett og vrang-mauskar. eg har brukt tråden Sterk frå du store alpakka. ein fantastisk tråd både å strikke med og å bruke.
 dette er eit par posetøffler som eghar laga. dette er ein veldig enkel måte å lage tøffler på, og så er det ikkje ein bestemt str. det er fleire str i ein. eg er ikkje heilt sikker på kva for ein tråd eg brukte her, men trur det er Sportsragg. 
 eit sjal strikka i Silk Mohair. eg  har brukt eit mønster som heiter Islandsk solnedgang.
eg har lage ein heklakant rundt heile sjalet.