tirsdag, januar 31, 2012

dagen i dag. 31.jan

 
i dag tok eg ein leit i skuffer og skap, og kva kom eg fram på der? eit trekvitt skrin eg kjøpte før jul som eg skulle fikse og pyte opp. men det vart aldri nok tima i døgnet til det prosjektet nei.
men i dag tok eg tak i det.
som sagt så var det trekvitt og kjedelig. eg gjekk inn på vaskerommet mitt, der eg har hobbymalinga mi og lurte på kva farge eg skulle ta. tok med meg nokre fargar og bestemte meg samtidig at skrinet skulle bli grått.
eg tok fram dei fine fargane eg hadde kjøpt på Krukkehuset. ein flott metallic turkis og ein fin lillafarge.
skrinet skal eg ha til knappar og liknande eg skal bruke på strikka og hekla tinga som eg lagar.

meg sjølv

Edel-Mari Kvalsvik heiter eg.
i denne bloggen vil eg legge ut litt av det eg gjer på til daglig. min store hobby er handarbeid av alt slag. eg heklar, strikkar, syr og malar, styrer med det meste egentlig. eg har to flotte barn, ei jente og en gut, eg så også to skjønne barnebarn. det ligger altid inne ei bestilling på noke heklerier eller strikk til ein kvan. du får berre fylle med utover, så skal eg oppdatere deg på kva eg styrer på med.