tirsdag, januar 31, 2012

dagen i dag. 31.jan

 
i dag tok eg ein leit i skuffer og skap, og kva kom eg fram på der? eit trekvitt skrin eg kjøpte før jul som eg skulle fikse og pyte opp. men det vart aldri nok tima i døgnet til det prosjektet nei.
men i dag tok eg tak i det.
som sagt så var det trekvitt og kjedelig. eg gjekk inn på vaskerommet mitt, der eg har hobbymalinga mi og lurte på kva farge eg skulle ta. tok med meg nokre fargar og bestemte meg samtidig at skrinet skulle bli grått.
eg tok fram dei fine fargane eg hadde kjøpt på Krukkehuset. ein flott metallic turkis og ein fin lillafarge.
skrinet skal eg ha til knappar og liknande eg skal bruke på strikka og hekla tinga som eg lagar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar