onsdag, februar 01, 2012

strikket alpakka krage

alpakke er eit fantastisk matereal, det må berre seiast. trur eg har hatt alpakkadilla i eit par år no. og for dei aom fortsatt ikkje har prøvd det sei eg berre ein ting: MÅ PRØVAST.
hvis eg har stiv nakke ein dag, eller begynner og få migrene, so tek eg på meg ein alpakkakrage og går med eit par timar. då er eg som regel heilt fin igjen. fantastisk.
dette er ein krage eg har srtikka og hekla på i januar. fann ut at eg ville lage noke med fletter på. eg la opp nokre maskar og begynnte å strikke. etter kvart fann eg ut at det skulle bli ein krage.
og her er resultatet etter nokre timar med strikk.
eg har hekla rundt kanten både oppe og nede med kryssa dobbeltstavar. og til slutt pynta eg den med nokre knappar eg kjøpte før jul.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar