fredag, august 31, 2012

strikk

litt av strikkt eg har laget i løpet av sommeren.

her er eit lyseblått trekanta skjerf strikka i islandsk solnedgang mønster, strikka i alpakkagarn. med hekla bølgekant rundt.

 her har eg strikka eit langt skjerf i Silk mohair garn. det er i eit mønster eg brukte i nerkanten på ein kjole ein gong eg strikka meg ein gong. eg tenkte det ville passe godt på eit skjerf, so då prøvde eg det. og det vart eit veldig fint resultat.

 her er eit nærbilde av mønsteret. bløgekanten blir til når eg strikker mønsteret.

 her er også eit skjerf strikka i Silk Mohair, men dette er stort firkanta.  eit mønster eg brukte på ein kjole ein gong dette også, men då med  litt avstand mellom mønsteret. dette har eg også lage i kvit tråd, men det skjarfet for døttra mi med.
 nærbilde av mænsteret.
med strikka bølgekant rundt.
 dette er to stk barneluer eg har strikka. den grå er strikka i tynn alpakka, med turkis mønster på.

 .
nærbilde av den blå lua. den er strikket i ein tråd eg kjøpte på nille, husker ikkje kva sort det var. den er mindre enn den grå lua, passer best til rundt 9-12 mnd

onsdag, august 15, 2012

strikk

vinhøner, 
desse to vinhønene laga eg i januar
men som dere ser, so har eg ikkje gjort dei heilt ferdige. det vart berre strikka opp ein masse strikk 
til toving, og då må eg ta igjen resten av jobben når hausten begynnder.









dette er den kvite italienarenmin. den skal straks få seg auge og føtter.

Nissar


dette var prøvenissen min. prøvde meg litt fram med tråd, men det vart eit bra resultat. eg strikka den rett før jul i fjor. eg hadde vinposen i den og tok den med meg på nabobesøk på nyttårsaftan.
der vart den veldig beundra. og januar gjekk med til å lage fleire sånne sjarmørar.






måtte selvfølgelig ha meg ein kvit nisse også, den har fått seg ei lysgrå lue på.

Forkle


Forkle


no er det veldig lenge sidan eg har hatt tid til blogging. med veldig hektiske kvardagar blir det lite tid til handarbeid og blogging.
men no i det siste har eg benytt kvar ledige stund til å sy litt igjen. før hadde eg alltid tid til det, og sydde alt mulig heile tida.
eg hadde veldig lyst å sy nokre forkle, so då va det en ting å gjer, å ta fram symaskina.
og då måtte eg også i skapet å finne fram litt forskjellige stoff i alle mulige fargar og mønster.



her er det eine resultatet. her har eg brukt ein kopphandduk eg kjøpte for nokre veker sidan. 
eg skulle egentlig bruke dei (for eg kjøpte selvfølgelig fleire :-) ) til å sy meg nye puter. det raudruta er restar etter nokre gardiner eg sydde meg for nokre år sidan. det kvite som er underst er restar av eit stoff eg sydde meg underskjørt av tidligare.


her har eg brukt eit stoff med dyr på som eg kjøpte inn når eg sydde dyne og putetrekk til barnebarnet mitt. artig med ein gris og ei høne på fronten  det linfarga i midten er frå eit stoff eg sydde meg nye julegardiner av for nokre år tilbake. og det samme er det rosa nederste. men den grøne nederste kanten er frå ei gardine eg kjøpte på salg ein gong,. frå den gardina stammar også knappane på det rosa.. 

og so haar eg kjøpt litt blondekantar og pynta opp med. 




desse stoffa var i pakken den gong eg kjøpte oppskrifta.


fleire forkle er på gong, so eg skal legge dei ut når dei er ferdige.