onsdag, august 15, 2012

Forkle


Forkle


no er det veldig lenge sidan eg har hatt tid til blogging. med veldig hektiske kvardagar blir det lite tid til handarbeid og blogging.
men no i det siste har eg benytt kvar ledige stund til å sy litt igjen. før hadde eg alltid tid til det, og sydde alt mulig heile tida.
eg hadde veldig lyst å sy nokre forkle, so då va det en ting å gjer, å ta fram symaskina.
og då måtte eg også i skapet å finne fram litt forskjellige stoff i alle mulige fargar og mønster.



her er det eine resultatet. her har eg brukt ein kopphandduk eg kjøpte for nokre veker sidan. 
eg skulle egentlig bruke dei (for eg kjøpte selvfølgelig fleire :-) ) til å sy meg nye puter. det raudruta er restar etter nokre gardiner eg sydde meg for nokre år sidan. det kvite som er underst er restar av eit stoff eg sydde meg underskjørt av tidligare.


her har eg brukt eit stoff med dyr på som eg kjøpte inn når eg sydde dyne og putetrekk til barnebarnet mitt. artig med ein gris og ei høne på fronten  det linfarga i midten er frå eit stoff eg sydde meg nye julegardiner av for nokre år tilbake. og det samme er det rosa nederste. men den grøne nederste kanten er frå ei gardine eg kjøpte på salg ein gong,. frå den gardina stammar også knappane på det rosa.. 

og so haar eg kjøpt litt blondekantar og pynta opp med. 




desse stoffa var i pakken den gong eg kjøpte oppskrifta.


fleire forkle er på gong, so eg skal legge dei ut når dei er ferdige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar