mandag, februar 25, 2013

mariusgenser til Fillip

i Januar skulle eg operere venstre kneet mitt,og då måtte eg sikkre meg noke og henge fingrane i. eg satt ut med døttra mi og vi snakka om kva eg skulle strikke.
"eg veit kva du kan lage", seie ho, "du kan godt strikke marius genser til ungane mine" . jaha, særlig det da, eg va no ikkje tenkt å sete pal å strikke heller da :-)
og so kom det raskt ein kommentar ifrå systra mi: "deu kan godt strikke ein til han Fillip også altso!"
he he he............
men etter eit par dagar so kom eg til at eg skulle jammen ta å strikke ein genser til han Fillip eg. han er altso tanteungen min da.

tenkte eg kunne strikke den i all hemmelighet. so eg kjørte meg ned til ne Barbro på Tråd Kråa og kjøpte meg litt tråd. det vart selvfølgelig alpakkatråd eg velgde denne gongen også.  fann ut at den skulle vere lyseblå med kvitt mønster på. og avslutte med lysebrun øverst.


 etter nokre dagar på sofaen med effektiv strikking og foten opp på ei pute i sofaen so var gensaren ferdig.



sånn vart den ferdige gensaren, 




og her eg guten som fikk seg ny gensar til stor glede for foreldra.
han skulle absolut ha den på seg npr han skulle på trilletur rett etterpå.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar