mandag, februar 25, 2013

mariuskjole til Vilde

for eit par veker sidan når eg hadde  Vildemora på besøk satt ho å blada i eit strikkehefte med mariusklede i, ilag med mora si. der fann dei jammen mykje dei ville ha.
ho var ganske komisk der ho satt og fann ut at ho måtte ha ein kvit mariusgensar med rosa mønster, og ein rosa kjole med lilla og kvit. mor hennar var heilt enig med henne.
men so kom ho på at ho måtte ha lue til også.
"beste eg må ha ei sånn lue til gensaren min, og så må eg ha ei sann anna lue til kjolen min"
ho veit kva ho vil ha, berre so det er sagt.


så eg  for ned til Barbro på Tråd Kråa og kjøpte tråd for akkurat ei veke sidan.
eg har strikka på kjolen innimellom alt anna eg gjer på.
og det vart vel ingen overraskelse kva sort tråd eg velgde, no igjen.


kjolen den blir i rosa med lilla mønster og kvit avslutning opp i halsen.

eg sende bilde av kjolen til døttra mi i dag når den var ferdig. 
svaret tilbake var at det var eit stort smil når Vildemora vår fikk sjå at kjolen hennar var ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar