torsdag, februar 02, 2012

pusvarmere i alpakkaull

i fjor haust fann eg ei veldig fin mønster på pulsvarmere. eg strikka då ein pulsvarmar for å prøve meg fram, men det vart med den eine. tok fram igjen møstera i dag, då eg måtte he eit lite strikk å ha med meg på kaffibesøk.
eg har strikka hovuddelen i Misti, alpakka. det  som er strikka fram under heklet, er strikka i Silk Mohair. og det som er hekla er av BabySilk, alpakka.
dei vart veldig populære på kaffibesøket eg var i. men eg synest sjølv også at det er eit veldig fint mønster.

onsdag, februar 01, 2012

strikket alpakka krage

alpakke er eit fantastisk matereal, det må berre seiast. trur eg har hatt alpakkadilla i eit par år no. og for dei aom fortsatt ikkje har prøvd det sei eg berre ein ting: MÅ PRØVAST.
hvis eg har stiv nakke ein dag, eller begynner og få migrene, so tek eg på meg ein alpakkakrage og går med eit par timar. då er eg som regel heilt fin igjen. fantastisk.
dette er ein krage eg har srtikka og hekla på i januar. fann ut at eg ville lage noke med fletter på. eg la opp nokre maskar og begynnte å strikke. etter kvart fann eg ut at det skulle bli ein krage.
og her er resultatet etter nokre timar med strikk.
eg har hekla rundt kanten både oppe og nede med kryssa dobbeltstavar. og til slutt pynta eg den med nokre knappar eg kjøpte før jul.

tirsdag, januar 31, 2012

dagen i dag. 31.jan

 
i dag tok eg ein leit i skuffer og skap, og kva kom eg fram på der? eit trekvitt skrin eg kjøpte før jul som eg skulle fikse og pyte opp. men det vart aldri nok tima i døgnet til det prosjektet nei.
men i dag tok eg tak i det.
som sagt så var det trekvitt og kjedelig. eg gjekk inn på vaskerommet mitt, der eg har hobbymalinga mi og lurte på kva farge eg skulle ta. tok med meg nokre fargar og bestemte meg samtidig at skrinet skulle bli grått.
eg tok fram dei fine fargane eg hadde kjøpt på Krukkehuset. ein flott metallic turkis og ein fin lillafarge.
skrinet skal eg ha til knappar og liknande eg skal bruke på strikka og hekla tinga som eg lagar.

meg sjølv

Edel-Mari Kvalsvik heiter eg.
i denne bloggen vil eg legge ut litt av det eg gjer på til daglig. min store hobby er handarbeid av alt slag. eg heklar, strikkar, syr og malar, styrer med det meste egentlig. eg har to flotte barn, ei jente og en gut, eg så også to skjønne barnebarn. det ligger altid inne ei bestilling på noke heklerier eller strikk til ein kvan. du får berre fylle med utover, så skal eg oppdatere deg på kva eg styrer på med.